torsdag 11. oktober 2012

Ord til ettertanke



Der livet var

av Finn Sandum

Det ligg eit vatn trast innpå vidda
og vegen dit opp er tung og bratt.
Eg tende bålet der innpå stranda
og låg og fiska så mang ei natt.

Når dagen stampar i tunge stunder
eg tenkjer ofte på bålet der,
når tunge tankar i tusen runder
legg klamp om foten kva enn eg gjer.

Da ser eg bålet der innpå stranda
og ljoset tvers gjennom skodda når.
Eg let att augo og roleg anda
og kjenner eimen av ungdomsvår.

Eg høyrer gauken i sommarnatta,
eg høyrer vemod i heilolåt.
Litt oppi lia ein rypstegg skratta'
ved stranda ventar ein gamal båt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar